Flagget seier sitt om folk og land

Stranda. Publisert 6.12.2016
Av Øystein Fjørstad
Illus.foto: JH Media

Det kan vel vere grunn til å undre seg over det nordiske fenomenet med å la nasjonsflagga mildt uttrykt ha eit torturreiskap som motiv.

Rett nok overgår britane oss ved å ha fleire ulike i sitt flagg. Meir enn skræmande er det at folket vårt ein gong i året samlast og hyller grunnlovsdagen med dette fælslege symbolet hengande på flaggstenger og prydande talarstolar og likt og ulikt. Dette med Kristmenn Korsmenn Kongsmenn kjenner vi vèl nok til ifrå historia vår, og som ikkje er til å vere kry av. Med den i seinare tid etter kvart merkeleg oppståtte landsoppførselen vår som Narreg, narrane sitt rike, er nasjonsøydeleggande religionsendestøyting i full gang.

Flagga seier sitt om folk og land. Om vi ikkje var eit folk med kongehus, storting og regjering krypande for dette presteskapskorset ville vi etter kvart som fritt tenkjande menneske kunne fjerne dei korsskapande tverrstripene i flagget. Med eit reint flagg ville vi frimodig kunne gå framtida i møte. Vonleg vil dette ein gong kunne opplevast. Men tid vil det ta. Lang tid.

På ein annan måte, men like ille for det, er særleg  jødefolket sitt avslørande israelsflagg. Stjerna og dei to stripene symboliserer at dei, utifrå tradisjonell eigen innbillingstru, er eit guds utvald folk som retteleg var heimehøyrande i Ur-området i Mesopotamia ved elvane Eufrat og Tigris; og såleis historisk greitt geografitilknytta.

Historia viser at den innbilte Abrams gud har synt seg som bøvelsk vond og krigersk herskande ved jødedomen, kristendomen og muhammedanismen med sitt satansvelde som ved presteskap har manifestert seg. Knuga av trugselen om denne Abrams guds helvete som likevel einast eksisterer i menneska og alle andre vesen sine tilvære her på denne gud sin sinnssjukt skikka klode. Store skarar av menneske vide kring står lydig bøygd og på kne bedande om å få kome til dette gudsutysket. Von dess.