FRP-KIV – David og Goliat

Stranda. Publisert 18.11.2016
Av Øystein Fjørstad
Illus.foto: Skjermdump Youtube

Tilhøva har nok lagt opp til dette med at Oskar Grimstad bakka ut, og til sist også Harald T. Nesvik. Det skulle nok ryddast plass for statsrådar, markante Sylvi Listhaug og eventyrmarkante Jon Georg Dale. Koste kva det koste ville. Ein som i praktisk politikk har makta å sjå heile fylket vårt under eitt i alle saker er den sterkt handlingsmarkante Frank Sve, og som nominasjonskomiteen naturleg nok hadde sett på første plass. Dette passa tydelegvis ikkje den sentrale makta. Sve vart tvillaust kalla inn til Oslo for nedrande å verte pressa bort ifrå ei komande stortingsvalliste til Frp i Møre og Romsdal. Dette er understreka ved at Sve ikkje vart gjeven så godt som ein andreplass. Han skulle visseleg visast døra ut i mørkret. Liknande styggedom førekjem nok innanfor alle partisjangerar. Det er ut med dei heilskapstenkjande, inn med dei sektortenkjande. Fi donc.

Dette med Listhaug sitt ultimatum står mest fram som eit passande argument for å skvise Sve. Etter det framkomne var det Nesvik som stod føre denne politiske bøddelseremonien, ei rolle som nok vil skjemmande henge ved han. Av det mest skremmande innanfor Frp sine sentrale rekker er dette med tankekarnøfling av sine heilskapstenkjande. Det er prylarane som skulle hatt pryl.

Ein finn seg freista til å lufte tankar omkring denne person-pellmellteringa. Det har kome tydeleg fram at Frp sentralt har lagt seg på ei form av kommunistisk maktstrukturline. Uvilkårleg inneber slikt at borgarane vert umyndiggjort som maktfaktor av sentralt utvikla egosentrisk politikarforum, tilhaldande i hovudstaden. Og tydelegvis er det som umogleg for dei å klare skjøne at nemninga fylkesforumsvalde ikkje er liketydig med nemninga sentralforumsutvalde.

Vonleg får dette med Frank Sve (som David) og sentralmaktspolitikarar (Goliat) få eit bibelsk utfall ved at fylkesvalnemnda (her som Gud Fader) fastheld sitt vit og sin forstand og står stødig ved Sve som listeplassert og sjølvsagt i listetoppen. Noko anna vil breitt skjemme truverdet til Frp og vere katastrofalt ved Stortingsvalet i 2017. Det er som kjent for seint å ville snyte seg når nasen er borte. Von dess.