Musikk i kyrkja

Publisert 11.9.2023
Foto: Colourbox

Song og orgelmusikk høyrer naturleg heime i Den Norske Kyrkja. Når organisten kan jobben sin, og utnyttar dei fine klangfargane i orgelet, og orgelet sjølv klinger reint og fint, då er det høgtid å få sitje i benkane, og la tonane og tekstane fylle hugen med andakt.

Diverre er det to fakta som mange stader øydelegg den musikalske opplevinga. Det eine er – og særskild utanfor dei større byane – at orgelet er i så dårleg stand, at det som spelast får det til å gå kaldt nedover ryggen på dei som sit i benkane. Noko som igjen skuldast dårleg råd i kyrkjebudsjett og kommune-økonomi, og at vedlikehald, stemming og restaurering er svært kostbart. Så når orgelet har utanda, tek ein piano i bruk. Då forsvinn høgtida. Nytt pipeorgel som kan nyttast til det meste av orgel-litteratur, kjem i multi-million klasse, og vert avskrive i kommunen sine planar. Nei, nytt pipeorgel kjem ikkje på tale!

Det andre er organisten eller kyrkjemusikaren sjølv. Dei fleste – men heldigvis ikkje alle – har fått det innprenta i utdanninga si, at noko anna enn pipeorgel duger ikkje. Og at det å spele på eit moderne, vedlikehaldsfritt og rimeleg digitalt kyrkjeorgel med stort register er under pari, ein hån mot organisten sin vyrdnad, og ikkje kristeleg nok! Sa Gud at orgel-teknologien skulle stanse på 1700-talet? I det store og heile er det der kyrkja sitt hovud-instrument framleis står – med unnatak av elektrisk vifte til belgen, og el.overføring fra spillebord til selve orgelet, registre osv. Men for det meste er alt mekanisk – som den gong.

I vår tid har så å seie alle tekniske ting og oppfinningar utvikla seg. Og kven har sagt at akkompagnement til salmer og solosong i kyrkja MÅ komme frå piper – røyr av ymse metall og treslag? Og som gjev kyrkjeverjer landet rundt hovudverk og svevnlause netter, fordi det ikkje er midler til det naudsynte vedlikehaldet på orglene i soknet?

Er det ikkje snart på tide at kyrkjeverje, fellesråd og sokneråd opnar auga mot den nye tid, og ser og prøver kva som finst av gode digitale kyrkjeorgel? Dei som til no har gjort slike val i Europa, har i rekkjefygje vald 1) Viscount (Italia), 2) Johannus (Nederland) og 3) Allen (USA). Til og med store katedralar har rive ned digre pipeorgler som ikkje dugde meir, og installert nytt, stort digitalorgel, med 3 – 4 manualer, over 100 registre (klangfargar/ «piperekkjer»), og kantorar og kyrkjegjengarar roser det nye instrumentet opp i skyene! Til samanlikning kostar eit 100 stemmers pipeorgel fra 40 til 70 millioner, og eit digitalt av same storleik rundt 1 million, inkl. høgtalarar, installasjon og intonering. Men dei fleste norske bygdekyrkjer vil klare seg med eit 2 – eller 3-manuals med 30 – 50 stemmer til fra 150.000 til 300.000. Noko å tenkje på? Gamle metallpiper – t.d. Principal 8’- kan nyttast til takrenner blant bygdefolk som treng slikt. Berre eit tips frå ei norsk bygd.

Eit alltid stemt og klangrikt orgel, utan anna vedlikehald enn ein støveklut. Ingen luft-fuktar for orgelet si skuld. Ikkje naudsynt med jamn varme, – det digitale kyrkjeorgelet lêt like fint om det er kaldt i kyrkja. Og ikkje minst – ein organist som er stolt over å få spele klassisk orgelmusikk på eit moderne, framtidsretta instrument, med dei same registra som J.S. Bach,  D.Buxtehude, Cesar Franck, Cavaille-Coll og alle dei andre store hadde på sine orgel. Og mange fleire! Alt som trengst er eit ope sinn! Og vilje til å tenkje nytt!

Terje Haugom, pensj organist.