Ope brev til AP-leiar Jonas Gahr Støre!

Kvammen. Publisert 18.6.2017

Av Norvald Aasen
Foto: Arbeiderpartiet

I reportasje på dagsrevyen den 9. juni 2017 om AP-toppane sin busstur i Oslo der de lova gull og grøne skogar, uttala du at dei store statlege bidraga til kollektivsatsinga i byane ville vere i «fellesskapets interesse». Eg skal fortelje deg, Gahr Støre, at eg er så gamal at eg har lært at politikarane, ikkje minst i AP, sine lovnadar til beste for «fellesskapets interesser», eigentleg handlar om politikarane og eliten sine eigne interesser! Umettelege på makt og merksemd! Det heile dreiar seg om at eliten får lure veljarane til å hjelpe dei til makt, meir makt – rå makt!! Veljarane får ikkje eingong velje dei politikarane dei helst vil ha, vi får servert partia sine politisk korrekte kandidatar til å røyste på. Eg trur heller ikkje at ein mangemillionær, som du, har den minste forståing for kva som gagnar vanlege folk, og kva som er i deira interesse. 

Korleis vart mangemillionæren Jonas arbeidarpartimann og småkårsfolka sin talsmann og velgjerar? Var det slik det var lettast å få makt? Eg trur heller ikkje at du, Jonas, i likskap med dei andre globalist-pampane, som fru Brundtland, Stoltenbergarne, Jagland, med fleire av den sorten, har den minste forståing for oss nordmenn sitt ynskje om å få leve i fred og fridom i vårt eige heimland. Du sa på eit tv-innslag for ei tid sidan at vi no skulle få ein sterk folketalsvekst i Noreg, noko som sjølvsagt skal skje gjennom masseinnvandring. Det var snakka om 2 millionar framande. Lat oss vere ærlege og kalle dei med rette ordet, erobrarar! I næraste åra skulle desse inntaka riket. Du fortalde oss at du gleda deg til å vere med på denne utviklinga, eller kall det heller avviklinga. Du har også uttala at det multikulturelle Noreg er ditt prosjekt. Men er det nordmenns prosjekt? Alt her skil du nok lag med Noregs to urfolk, nordmenn og samar? Og då, Støre, då vil nordmenn verte ein minoritet i eige land. Og dette gler du deg altså til å bidra til! Nyleg såg eg også eit innlegg på Facebook der det vart hevda at du som storaksjonær i eit skipsreiarlag hadde kasta dei norske sjøfolka i land for så å byte dei ut med lågløna fillipinarar. Er dette sant, spør eg?

Vidare kan eg fortelje deg at ein av dine betrudde menn, Trond Giske, som vi stadig ser som ein påfugl i AP-korga, synes eg har lite grunn til å bruse med fjæra. Som AUF-leiar stod han som ansvarleg for dei grove postkorta som han let sende ut til «Gutta i FMI», og der hovudbodskapen var mellom anna dette: «Husker du sist din jævla nazist, vi vant dere forsvant». No var det slik, og det viste også AUF-leiaren Giske og hans flokk, at FMI vart teken opptakten til av krigsveteranar frå 2. verdskrig, krigsseglarar og folk som hadde sete under tortur hjå sjølveste gestapo. Det var også slike folk som var styremedlemar i FMI. Kva kjensler trur du at desse heiderspersonane hadde for Trond Giske sin grove hets? Underteikna har kopi av mange av desse postkorta tilgjengelege enno. Jamvel Kongehuset har fått kopi av dei ved passande høve. Det er ikkje berre hetsen frå dine partifellar mot ei av dei beste statsrådane Noreg har hatt på mange tiår, som får meg til å sjå på svært mange AP-arar som ramp og pøbel, men også andre opplevingar frå statsmakta sitt opphav og avkom gjer at mi politikarforakt no er grunnfesta, sunn og ekte.